mandag 16. juli 2012
Drøymen om gammelt hus- liten advarsel
Sit no her og blogger, veit jo ikkje eingong om nokon les dette, men tenker at det er jo mulig å finne om man googler det eg skriv om. Vi har kjøpt oss eit herlig hus fra 1929, litt kjedelig er det akkurat no fordi vi merker at vi har reagert på noko i huset og etter litt leiting så fant vi eit mulder av muggsopp bak noko som heiter tresonitt i kjelleren. Tresonitt ser ut som betong men er trespon og sement. Til advarsel så hadde det her i huset dannet seg kondens bak dette og er no eit eldorado for soppen. Vi har heldigvis funne ut av dette og bor no midlertidig hos svigermor mens vi fikser opp i dette. Eit annet tips som eg tenker på er å rive alt ned til stenderverk slik at ein får innsikt i evt vannlekkasjer som har vore dei siste 100 åra. dei anbefaler viss ein reagerer på muggsopp å få vekk alt materiale som er mugg på selv om det er tørket opp. Berre eit tips. Av og til må det litt motgang til for å komme seg vidare..
Abonner på:
Kommentarer (Atom)