søndag 1. april 2012

Kva ein treng når ein skal rive alt innvendig

Huset vart kjøpt i oktober og i januar starta vi rivinga. Med brekkjern, hammer og verdens største støvsuger. Mine tips når ein skal rive mykje og masse det er fyrst og fremst. Skaff godt utstyr. NB!god støvmaske, vi hadde store gode støvmasker med utskiftbare filter, men likevel kom det masse støv inn, og vi har hostet godt. Når ein skal rive golv så ha ei sirkelsag med stillbar høyde slik at ein kan dele opp gulvet, då går det sååå mykje fortare. Kjøp og stillas fra til dømes Biltema, da får ein større flate å bevege så på, som gjer at arbeidet går fortare. Planlegg korleis alt søpla skal fjernas. Vi er på vår femte 20 m3 kontainer og prisen for å kaste alt har blitt enorm. Har dere stubbleire? Skaff dere ein super støvsuger slik at ein kan spade opp ein del med spade, også støvsuger dere opp resten. Elles så er tips å få hjelp, vi har fått masse hjelp, og det er så inspirerende å la andre hjelpe til som ikkje har revet kvar dag i 2 veker. Lykke til uansett. Det er god aggresjons-terapi å rive med brekkjern! Kjøp foressten litt ulike brekkjern slik at ein har både store og små.