mandag 16. juli 2012
Drøymen om gammelt hus- liten advarsel
Sit no her og blogger, veit jo ikkje eingong om nokon les dette, men tenker at det er jo mulig å finne om man googler det eg skriv om. Vi har kjøpt oss eit herlig hus fra 1929, litt kjedelig er det akkurat no fordi vi merker at vi har reagert på noko i huset og etter litt leiting så fant vi eit mulder av muggsopp bak noko som heiter tresonitt i kjelleren. Tresonitt ser ut som betong men er trespon og sement. Til advarsel så hadde det her i huset dannet seg kondens bak dette og er no eit eldorado for soppen. Vi har heldigvis funne ut av dette og bor no midlertidig hos svigermor mens vi fikser opp i dette. Eit annet tips som eg tenker på er å rive alt ned til stenderverk slik at ein får innsikt i evt vannlekkasjer som har vore dei siste 100 åra. dei anbefaler viss ein reagerer på muggsopp å få vekk alt materiale som er mugg på selv om det er tørket opp. Berre eit tips. Av og til må det litt motgang til for å komme seg vidare..
søndag 1. april 2012
Kva ein treng når ein skal rive alt innvendig
Huset vart kjøpt i oktober og i januar starta vi rivinga. Med brekkjern, hammer og verdens største støvsuger. Mine tips når ein skal rive mykje og masse det er fyrst og fremst. Skaff godt utstyr. NB!god støvmaske, vi hadde store gode støvmasker med utskiftbare filter, men likevel kom det masse støv inn, og vi har hostet godt. Når ein skal rive golv så ha ei sirkelsag med stillbar høyde slik at ein kan dele opp gulvet, då går det sååå mykje fortare. Kjøp og stillas fra til dømes Biltema, da får ein større flate å bevege så på, som gjer at arbeidet går fortare. Planlegg korleis alt søpla skal fjernas. Vi er på vår femte 20 m3 kontainer og prisen for å kaste alt har blitt enorm. Har dere stubbleire? Skaff dere ein super støvsuger slik at ein kan spade opp ein del med spade, også støvsuger dere opp resten. Elles så er tips å få hjelp, vi har fått masse hjelp, og det er så inspirerende å la andre hjelpe til som ikkje har revet kvar dag i 2 veker. Lykke til uansett. Det er god aggresjons-terapi å rive med brekkjern! Kjøp foressten litt ulike brekkjern slik at ein har både store og små.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)