Når eg sit og drøymer om å byggje hus så surfer eg om ulike hus og har komt over lavenergi og passiv hus. Syns det er verkelig spennande. Det å kunne tenkje seg at ein slepp å tenkje på oppvarming i form av ovnar, varmepumpe eller peis er jo genialt. Ut fra det eg les så er det ein diskusjon når ein bygger trehus om at treverket kan råtne fordi det blir for lite luft... viss dykk er interessert i å lese meir så kan dykk lese her om mesterhus sitt prosjekt. http://blogg.mesterhus.no/ Tenk det fins ferdighus som er passivhus. Også kan dykk jo sjå på Trondheim sitt nye miljøprosjekt. Granåsen miljøby.http://www.miljobyen.com/ 700 passivboliger skal bygges! Eg blir litt stolt av å bu i Trondheim når eg ser slik, men som dykk vil sjå. Det koster å kjøpe passivbolig og.
Ha ein fin kveld folkens, eg skal legge meg under teppe på sofaen, for no byrjar det å bli litt kaldt her på kveldane syns eg.
tirsdag 21. september 2010
torsdag 16. september 2010
Første innlegg
Ja då sit eg her og har blitt blogger. Blir nok ingen superblogger, men eit par innlegg må vel til. Grunnen til at eg vart blogger er at eg har blitt hekta på å lese interiørblogger. Vi er no på husjakt, og da tenkte eg som andre har tenkt at det er ein fin måte å samle alt man liker innen interiør på denne sida. Vel også blir det sikkert litt om strikking, reising, kanskje baking, også syr eg plutselig litt. Navnet på bloggen kommer fra min kjære som meinar at etter 9 år i Trondheim så har eg blitt trønder.. eg er no egentlig ikkje enig, men kanskje eg blir det etter kvart, så nestentrønder må vel vere det rette å kalle meg.
Ha ein fin dag alle sammen.
Ha ein fin dag alle sammen.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)