torsdag 28. oktober 2010

nye tanker om hus

No er draumen Hetlandhus, eller kanskje Selbuhus. Iallfal modulhus trur vi. Det som er bra med Hetlandshus er jo den gode isolasjonen av huset og vannboren varme i alle gulv.. DEILIG!! Vi ser på alle muligheter, sjølv om vi ikkje eingong veit om vi får oss tomt, men vi håpar jo. Modulhus er jo genialt, når ein får byggetilatelse så går det kun 5-6 månader så er huset klart for innflytting. Må sjølvsagt gå i komprimi på ein del ting sida det kun er eit visst utvalg på kjøkken og gulv, men men.. det er egentlig verdt det.

Ha ein fin kveld. No skal eg lære meg meir om korleis ein ordner bloggen sin.

Cessa

tirsdag 21. september 2010

Lavenergi og passivhus

Når eg sit og drøymer om å byggje hus så surfer eg om ulike hus og har komt over lavenergi og passiv hus. Syns det er verkelig spennande. Det å kunne tenkje seg at ein slepp å tenkje på oppvarming i form av ovnar, varmepumpe eller peis er jo genialt. Ut fra det eg les så er det ein diskusjon når ein bygger trehus om at treverket kan råtne fordi det blir for lite luft... viss dykk er interessert i å lese meir så kan dykk lese her om mesterhus sitt prosjekt. http://blogg.mesterhus.no/ Tenk det fins ferdighus som er passivhus. Også kan dykk jo sjå på Trondheim sitt nye miljøprosjekt. Granåsen miljøby.http://www.miljobyen.com/ 700 passivboliger skal bygges! Eg blir litt stolt av å bu i Trondheim når eg ser slik, men som dykk vil sjå.  Det koster å kjøpe passivbolig og.

Ha ein fin kveld folkens, eg skal legge meg under teppe på sofaen, for no byrjar det å bli litt kaldt her på kveldane syns eg.

torsdag 16. september 2010

Første innlegg

Ja då sit eg her og har blitt blogger. Blir nok ingen superblogger, men eit par innlegg må vel til. Grunnen til at eg vart blogger er at eg har blitt hekta på å lese interiørblogger. Vi er no på husjakt, og da tenkte eg som andre har tenkt at det er ein fin måte å samle alt man liker innen interiør på denne sida. Vel også blir det sikkert litt om strikking, reising, kanskje baking, også syr eg plutselig litt. Navnet på bloggen kommer fra min kjære som meinar at etter 9 år i Trondheim så har eg blitt trønder.. eg er no egentlig ikkje enig, men kanskje eg blir det etter kvart, så nestentrønder må vel vere det rette å kalle meg.

Ha ein fin dag alle sammen.